Arrangementer i Bergen kommune

Vår hage – fra lekeplass til rammer for sosialt samvær

Arrangør: Fana hagelag

Et arrangement i regi av Fana hagelag

Beskrivelse

  • Fana kulturhus
  • Torsdag 19. februar
  • Kl: 19.00

Velkommen til foredrag i Fana hagelag ved Jørn Øyrehagen Sunde.

I tillegg til sitt virke som jurist og rettshistoriker, som kanskje noen av dere kjenne Øyrehagen som, har han stor glede av «haging», og det er hagen hans i ord og bilder vi skal møte denne kvelden. 

Selv skriver han: 

Saman med kona Elisabeth Akselvoll har eg dei siste 16 åra laga bygd opp vår andre hage. Vi vaks begge opp med store og velstelte hagar rundt huset vårt, men ingen av oss tenkte nokon gong vi skulle laga vår eigen store hage. Men då vi flytta tilbake til Vestlandet hadde eldste dotter vår problem med å få vener. Vi bestemte oss difor for å laga ein hage som var så spanande at ingen ungar kunne gå forbi utan å ta ein tur innom, slik at dotter vår fekk leikekameratar. Det var ein hage med sandkasse, sklie, disse og kaniner, og med trær og planter som kunne klatrast og trakkast på. Planen lukkast, og dotter vår fekk vener. Men det forandra oss som familie. For hagen vart på ein måte oss. Så då vi flytta 250 meter og tok over eit hus med nesten 2 mål tomt, fylt med søppel og overgrodd av trær og ugras, byrja vi på hagearbeidet samstundes som vi pussa opp huset – hage var like viktig for oss som romma inne i huset. No var ungane større, og det var ikkje leikeplass med trivnadsplass som stod i fokus. Strukturen i hage er sentrert rundt stadar å vera. Strukturerande element er trær (over 70 ulike typar med smått og stort, og mykje er smått som til dømes det 15 centimeter høge dverggranatepletreet eller 25 centimeter høge skotske høglandsselja), vasselement med og utan fontener og vassliljer, hagestatuar, og bedd av mange ulike typar. I tillegg har vi den hemmelege hagen, som er ungane sine udresserte hage som var den vanskelegaste å laga.

  • Det blir lotteri og kaffe/te/kaker i pausen.
  • Medlemmer kr.50, ikkemedlemmer kr.70,-