Arrangementer i Bergen kommune

For barn og unge 10-15 år.

Beskrivelse

  • Fana kulturhus
  • 29. juni-3. juli
  • Klokken 10.00-15.00

Er du mellom 10 år og 15 år og interessert i musikk eller visuell kunst?

Bli med på Festspillene og BIT20 Ensemble si kreative sommarskule i Fana Kulturhus. Over ei veke skal me eksperimentera og utfordra vår eige kreativitet. Alt me lagar skal utviklast saman og skapast frå botn.

Korleis kan lyd settast saman til eit musikalsk uttrykk? Korleis kan me skapa visuelle kunstuttrykk som bilete og skulpturar med ulike materialar og objekt? På denne sommarskulen skal me leka med lyd- og kunstuttrykk du kanskje ikkje kjennar frå før. Om du syng, speler instrument, er interessert i musikkteknologi eller er fascinert av visuell kunst, kan dette vera noko for deg.

Me deler oss i tre grupper med 8 deltakarar i kvar. Påmeldingsfrist 15. mai!

Deltakaravgift: kr. 459,-* 
*Barn frå familiar med økonomiske utfordringar kan delta utan å betala deltakaravgift. 

Påmelding her!

Arrangør: BIT20 Ensemble og Festspillene i Bergen