Arrangementer i Bergen kommune

Familiesøndag: Tenk berre (ei reise gjennom skogen) - kl. 13 og kl. 14

Arrangør: Bergen Offentlige Bibliotek

Ingen påmelding - bare å komme

Beskrivelse

Er du klar for ein liten pustepause frå julestresset? Roald Kaldestad og Roy Ole Førland tek oss med inn i ei verd med poesi og musikk. Førestilling både kl. 13 og kl. 14.

Du får høyre dikt av Oskar Stein Bjørlykke, Ruth Lillegraven, Hilde Myklebust, Federico García Lorca/Tove Bakke, Thierry Cazals/Tove Bakke og Per Olav Kaldestad kledde i lydar, bilde og musikk.

Velkomen til ei opplevingsstund, ei levande lydbok! 

Roald Kaldestad: song, opplesing, gitar

Roy Ole Førland: keyboard, effektar